Hei :D
Treng DU informasjon om korleis mediesystem som fins i verda, og korleis dette er med på å skape eller minke informasjonskløfter? Då er dette staden for DEG!
På denne bloggen kan du finne eksempel på ulike land i verda som har ulike mediesystem/medieideologiar. Du kan lese litt om korleis rolle media har i landa, og kva det er som gjer at det vert informasjonskløfter mellom ulike folkegrupper. Om du er usikker på kva informasjonskløfter og medieideologiar er, kan du lese om det på linkane over.
Eg har valgt å ta for meg land i ulike verdsdelar, som har litt forskjellig styresett og mediesystem slik at du kan sjå dei forskjellane som fins i verda, og slik få ei betre forståring av forskjellane på tilgang til informasjon og kunnskap mellom ulike folkegrupper og sosiale lag. Du kjem og til å skjøne at det er mange grunnar til informasjonskløfter og at det er forskjellige grunnar i ulike land og folkegrupper. Fattigdom kan vere eit eksempel på ein slik faktor.
Dette er ei god kjelde for deg som har mediefag på skulen eller av andre grunnar treng informasjon om ulike mediesystem i verda og om informasjonskløfter. Desse kompetansemåla er knytta opp mot bloggen:
MIK1:
- Presentere hovudlinjer i mediestrukturen i Noreg
- Drøfte korleis ytringsfridomen er ein føresetnad for frie medium og demokrati
- Vurdere kva rolle media spelar for læring, likestilling og identitetsdanning
MIK2:
- Gjere greie for sentrale trekk ved internasjonal mediestruktur og internasjonal mediepolitikk
- Gjere greie for sentrale trekk ved mediestrukturen i utviklingsland
- Gjere greie for ulike medieideologiar
- Analysere media som ressurs og maktfaktor i samfunns- og arbeidsliv og diskutere opne og skjulte funksjonar
- Drøfte korleis media er med på å skape, forsterke og motverke informasjonskløfter
- Undersøkje korleis produksjon og distribusjon av informasjon kan bli styrt og kontrollert av ulike interesser
- Reflektere over media si rolle når det gjeld informasjons-, nyheits- og kulturformidling i det internasjonale mediebiletet.
Skriv gjerne kommentarar og gi tilbakemelding om kva du syns om bloggen og kva eg eventuelt kan gjere betre.