DR Kongo

Fakta:
Verdsdel: Afrika
Hovudstad: Kinshasa 
Inbyggjartal: 67,8 mill
Styresett: Demokratisk Republikk
Religion: Kristendom(95%), etniske religionar(2,6%), Islam(1,1%), Bahai Faith(0,44%), Hinduisme(0,18%)





Presidenten i DR Kongo heiter Joseph Kabila, han overtok etter sin far etter at han døydde i 2001. I 2006 vant han det første frie presidentvalet i landet med 58% av stemmene. I 2006 fekk landet ei ny grunnlov. I følgje denne grunnlova er landet ein einstatleg, presidentstyrt republikk. Presidenten er statsoverhovud og han vert valt i allmenne val for ein periode på 5 år.


Mediesystem:
I prinsippet har DR Kongo eit mediesystem som kan likne på det liberalistiske, regjeringa i landet har gitt pressa ytringsfridom, men denne er veldig avgrensa i praksis("Media of the Democratic Republic of the Congo"). Pressa har kunna kritisert statlege organ og nokre publikasjonar fungerer som talerøyr for opposisjonspartia, slik let media la ulike syn komme fram og kritiserer dei som har makta.
Trass i dette så vert mange som jobbar i media arresterte, får truslar mot seg og vert utsette for vald. Journalistar som avdekkjer korrupsjon er spesielt utsette.("Democratic Republic of the Congo country profile"). 


I kongo fins det mediebedrifter som både statleg og privat eigde og styrte. 
Dei har ein statleg eigd tv-stasjon som dekkjer nesten heile landet, RTNC, denne stasjonen har og ein radiokanal og han er tilgjengeleg på fleire språk, blant anna fransk, swahili og Kikongo. Landet Har mange privateigde tv-stasjonar, to av dei dekkjer nesten heile landet, 2 statleg eigde radiokanalar, og meir enn 100 private radio stasjonar, nokre av desse sender nyheiter. Radio er det dominerande mediumet i landet. ("Democratic Republic of the Congo country profile"). 


På en.rsf.org(reporters without borders) kjem DR Kongo som nr 148/178 på lista over pressefridomsindeksen i land i verda i 2010. Det vil seie at pressefridommen er svært låg i landet, sjølv om dei går ut med å seie at dei er demokratiske. Om ein studerer saker som dei ulike mediebedriftene i landet set på dagsorden, ser ein for eksempel at det er få saker som omhandlar urfolk, nasjonale og etniske grupper i landet. Slik ser ein at media ikkje utfyller heile den rolla dei har i eit demokrati, som for eksempel å beskytte svake grupper i samfunnet(Ver Varsam-plakaten). Asbjørnsen m.fl. skriv at pressefridomen gjer ytringsfridomen mogleg, ytringsfridomen handlar om retten til å ytre seg og retten til å få informasjon, utan pressefridom får ikkje innbyggjarane den informasjonen dei har rett på. 


Ein ser og at det er lite internasjonale saker i media, noko som fører til at innbyggjarane får mindre informasjon om kva som skjer i verda. Når staten i tillegg straffar journalistar som skriv om saker som dei ikkje likar, så hindrar dei fri flyt av informasjon, noko som fører til ei informasjonskløft mellom innbyggjarane i Kongo og dei som bur i land der det er full pressefridom. 


Det er lite å finne om media i DR Kongo på internett, dette kan tyde på at det er mykje som skjer i det landet som er skjult, som dei ikkje vil at verda rundt skal få vite om. Media har ikkje noko klar rolle i landet. Alt me veit er at det skal vere eit demokrati, men pressa er ikkje fri. 


DR Kongo er eit av dei fattigaste landa i verda, 59,2% lev i ekstrem fattigdom, og 71,3% av befolkninga lever under den nasjonale fattigdomsgrensa.("Kongo, den demokratiske republikk"). Det viktigaste for desse menneska er å overleve, dei tenkjer mest sannsynleg ikkje så mykje på å skaffe seg mykje informasjon om verda rundt, den enkelte har ikkje råd til å skaffe seg internett og datamaskiner. På Globalis.no på statistikk over teknologi og informasjon kan ein lese at det er 0 anntal datamaskiner i bruk per 100 innbyggjar, og 0,5 internettbrukarar per 100 innbyggjarar. Gjennom dette kan ein sjå at innbyggjarane har lite tilgang på informasjon og kunnskap som ein kan få på internett. Denne dårlige tilgangen og bruken av internett skaper ei informasjonskløft mellom dei og andre i verda som har god internettilgang. 
Det er 65,3% som er lese- og skrivekyndige, dette er eit veldig positivt tal som tyder på at mange kan tileigne seg informasjon om dei har tilgong til det, men det er 34,5% av befolkninga som er analfabetar, om dei hadde hatt internett hadde dei ikkje kunna tileigna seg kunnskap uansett. Her må ein heller konsentrere seg om at desse får ei utdanning enn å skaffe internett til dei. 


I dette landet ser ein at det er fattigdomen i tillegg til mediesystemet i landet som påverkar kor mykje informasjon og kunnskap innbyggjarane får. Fattigdomen i verda skaper informasjonskløfter. 


Kjelder:

  • Bilde: "dr Congo". Keywordpictures.com. Lasta ned 10.06.11. http://www.keywordpicture.com/keyword/dr%20kongo/ 
  • "Democratic Republic of the Congo”. Wikipedia.org. 08.06.11. Lasta ned 09.06.11. http://en.wikipedia.org/wiki/Democratic_Republic_of_the_Congo   
  • "Democratic Republic of the Congo country profile”. News.bbc.co.uk. 17.05.11. Lasta ned 09.06.11. http://news.bbc.co.uk/2/hi/africa/country_profiles/1076399.stm#facts    
  • "Joseph Kabila"wikipedia.org. 07.06.11. Lasta ned 10.06.11. http://no.wikipedia.org/wiki/Joseph_Kabila
  • ”Kongo, den demokratiske republikk”. Globalis.no. Lasta ned 09.06.11http://www.globalis.no/Land/Kongo-den-demokratiske-republikk
  • "Kongo - forfatning og politisk system, rettsvesen". snl.no. 07.03.09. Lasta ned 11.06.11. http://snl.no/Kongo/forfatning_og_politisk_system%2C_rettsvesen 
  • ”Media of the democratic republic of the Congo”. Wikipedia.org. 04.06.10. Lasta ned 09.06.11 http://en.wikipedia.org/wiki/Media_of_the_Democratic_Republic_of_the_Con 
  • ”Press freedom index 2010”. En.rsf.org.  Lasta ned 09.06.11http://en.rsf.org/press-freedom-index-2010,1034.html